Anna på praksis på barnehjem i Uganda

Om du vurderer å arbeide frivillig på barneheim i Uganda, må eg anbefale deg sterkt å gjere det. Det er ei oppleving eg kjem til å bere med meg både profesjonelt og personleg for resten av livet.

I ei lita gate ikkje så altfor langt frå Jinjas Main Street budde eg i fire månader medan eg arbeida på barneheimen som låg rett over gata. Eg syns det var så vanskeleg å vite kva eg reiste til, men erfaringa eg har med meg heim, overgjekk alle forventingar eg hadde på førehand. Vi møtte fjorten ungar i alderen 0-6 år på barneheimen drive av organisasjonen Arise and Shine, og fekk moglegheit til å bli ordentleg godt kjent med kvar og ein av dei.

Opphaldet mitt i Jinja var praksisen min i studiet på veg mot å bli sosionom. Vi var to studentar som reiste saman til Uganda i byrjinga av januar. Tidleg måndag morgon vart vi tatt godt imot der vi skulle bu av ei jente som jobba som frivillig på barneheimen. Ho hadde vore i Jinja før, og kjente byen, barneheimen og den ugandiske kulturen godt.

På barneheimen vart vi også godt tatt imot frå fyrste dag av både dei ansatte, og av dei andre frivillige. Vi var så heldige at dei var ein del andre studentar og frivillige den fyrste veka vår i Uganda. Dei kunne fortelje oss alt vi trengte å vite om rutinene på barneheimen, om den ugandiske kulturen og dei viste oss rundt i byen. Hovudoppgåva vår på barneheimen var det daglege stellet av barna, og det å vere ein trygg omsorgsperson. Desse oppgåvene innebar å stelle dei om morgonen om dei ikkje allereie hadde stått opp, hjelpe til under måltid, leike, prate og kose med dei heile dagen. Vi fekk også bli med barna på rutinesjekk på sjukehuset og vere med dei på besøk til familiane som dei ein dag skal flytte tilbake til.

Vi opplevde også utfordringar medan vi jobba i Uganda. Ikkje alle av dei ansatte på barneheimen prata like mykje engelsk, men vi vart gode på å kommunisere ved hjelp av kroppsspråk. Dei ansatte på barneheimen prøvde så godt dei kunne å forstå kva det var eg meinte, og med velvilje frå begge partar var det ikkje eit problem å gjere seg forstått. Eg syns det også var veldig moro å lære meg nokre ord og strofer på det lokale språket luganda. Då smilte og lo dei godt, vi kunne ha korte veldig enkle samtaler og dei forstod at eg var interessert i dei og i kulturen deira.

Eg og dei andre studentane og frivillige på barneheimen opplevde også fort at vi fekk veldig frie tøyler, og kunne ta initiativ til å finne på det vi hadde lyst til med barna på barneheimen. Dette kunne vere å gå turar i nabolaget, gå til markedet å kjøpe is, eller ta med oss nokre av barna til bassenget. Vi hadde også førskule med dei eldste barna ein dag i veka. Andre oppgåver vi hadde, var å ha gåtrening med dei barna som ikkje enno hadde lært seg å gå, og prate engelsk med barna. Sjølv om det ikkje var så mange som hadde lært seg å prate enno, følte eg at dei forstod det aller meste av det eg sa.

Det kom fleire frivillige og arbeida på barneheimen i løpet av opphaldet vårt. Vi både budde saman, arbeida saman på barneheimen, og var saman på ettermiddagane. Jinja har fleire restaurantar med veldig god mat, og vi åt derfor middag ute ofte. I helgene reiste vi nokre gonger på utflukter. Ei helg reiste vi til ei jente vi hadde vorte kjent med i hovudstaden Kampala. Vi reiste også på helgetur til Sipi Falls, og i påska når eg fekk besøk av to venninner, reiste vi på safari i Murchison Falls National Park.

Vi fekk også besøke skula som Arise and Shine driv i landsbyen Kibuye. Det som går att under opphaldet vårt i Uganda, er at vi vart tatt så godt imot uansett kor vi reiste. I landsbyen fekk vi bli kjent med ungane som går på skula, lærarane og dei andre menneska som bur i den vesle landsbyen. Ein dag sat vi og åt lunsj saman med lærarane, då nokre av dei sang den ugandiske nasjonalsangen for oss. Vi kunne ikkje vere noko dårlegare, og sang nasjonalsangen vår til dei vi også.

Dei eldste elevane bur på skula, og dei finaste minnene mine frå landsbyen er om ettermiddagane når elevane hadde litt fri og dei kunne henge og prate med oss. Då fekk dei låne kamera våre for å ta bilete av kvarandre, dei prøvde å lære oss å bære vatn på hovudet og vi fekk koma på besøk i hytta som nokre av jentene budde i. Vi prata litt om kva dei hadde lyst til å bli når dei vart store, og to av jentene sang nokre songar og dansa for oss. Dei syntes det var veldig moro å sjå nokre bilete eg hadde frå Norge på kameraet mitt av familien min, huset vårt, geitene våre heime i Norge og av snø.

Det eg kjem til å hugse aller best frå opphaldet mitt i Uganda, er sjølvsagt ungane eg vart kjent med på barneheimen. Kvar gong vi kom inn på barneheimen kom ungane springande mot oss. Den siste morgonen eg gjekk inn på barneheimen tenkte eg at eg veit ikkje kva eg skal gjere utan denne fine velkomsten på jobb kvar morgon. Jinja er også ein fantastisk by å bu i, og eg veit allereie at eg kjem til å reise tilbake!

Eg var så heldig å arbeide med fjorten fantastiske barn i Uganda. Sidan vi fekk vere i Uganda i heile fire månader, fekk vi verkeleg lære barna å kjenne, og følgje med på utviklinga deira over lengre tid. Tre av barna lærte å gå medan vi var der, ei av dei tok sine fyrste steg dagen før vi skulle reise. Før eg skulle reise til Uganda, trudde eg at eg etter fire månader skulle vere klar for å reise tilbake til Norge. Men i dagboka mi to veker før vi reiste, har eg skrive: «Tida går fortare enn eg orkar å vedgå, og det er allereie to veker til vi skal heim.»

Om du vurderer å arbeide frivillig på barneheim i Uganda, må eg anbefale deg sterkt å gjere det. Det er ei oppleving eg kjem til å bere med meg både profesjonelt og personleg for resten av livet.

Helsing Anna