Tonje i Tyskland

Dette er litt om korleis eg har det her :-)

«Det går fint med meg. Har kome til ein veldig kjekk familie, som eg føler at eg kjem godt over eins med. Dei gjer meg òg eit inntrykk av at det er gjennsidig, noko eg synes er viktig og bra. Familien er ikkje perfeksjonistisk, men liker å bruke tid saman med kvarandre, og eg trivs saman med dei.

Mine arbeidsoppgåver har hovudvekt på husarbeid, men det vert og tid med borna. Borna er for det meste kjekke, sjølv om det kan oppstå utfordrande situasjonar òg, men det er vel såleis det skal vere?! 😉 Når foreldrene kjem heim frå arbeid har eg for det meste fri, så lenge borna ikkje skal på musikkskulen.

Byen eg bur i er ikkje så stor, det var eg klar over, men eg tenkte ikkje over at næraste au-pair kom til å bu 1,5 time herifrå.. Det er litt utfordrande å verte kjent med andre folk, men eg har begynt å verte litt kjent med nokre som går på skulen her. Det er kjekt, men dei har òg mykje skulearbeid, så dei har ikkje uendeleg med fritid. Elles synes eg at området er veldig fint, og trives med omgjevnadane.

Språkmessig går det greit. Merker at det er mykje enklare å forstå enn å uttrykke seg sjølv, men klarer for det meste å gjere meg forstått, trass i at det ikkje vert enormt djupe eller detaljerte samtalar. Gleder meg til å byrje på språkkurs på onsdag. Skulle egentleg starta før, men dei i område til mitt nivå starta ikkje, så difor vart det eit som startar no etter hausferien. Håper at det kan gje litt meir strukturert språklæring inn i kvardagen.»

– Tonja