Signe i Australia

Les om Signes opplevelser som au pair i Australia!

Velkommen til bloggen min. Det er hovudsaklig ein reiseblogg for å holda familie og venner oppdaterte på livet mitt i australia. Men eg blir sjølvsagt glad om andre og tar seg turen innom her.

Les bloggen her!

Signe i Australia

Reisebrev fra Signe

Signe Langballe var au pair i Australia i fire og halv måned. Hun fikk oppleve Australia gjennom familieliv og reising. Les mer om oppholdet hennes her!

Signe i AustraliaEtter fire og ein halv månad som Au Pair i Australia sitte eg no og føle meg rikare enn nokon gong. Rikare på erfaringar vel og merka! Er so glad for at eg greip sjansen og flytta til andre sida av jorda for å bu saman med ein anna familie og bli ein del av kvardagen deirans. Til tross for ein del slitsame dagar kan eg med handa på hjarte sei at alt saman var verdt det. Eg har fått venner frå heile verden, sett meir enn dei fleste og fått ta del i ein anna familie sitt liv. Og ikkje minst fått ta ein liten del i oppveksten til tre fantastiske jenter! På slutten var dei alle tre blitt ein del av familien min, og dei kjem for alltid til å ha ein spesiell plass i hjarte mitt.

En vanlig dag

Ein vanleg dag som Au Pair i Australia var for meg å stå opp kl 05.45, hjelpe til med frukost, kle på jentene, ta strikk i håret, pusse tenner osv. Før foreldra tok to av jentene med seg kl 06.30. Fram til 08.30 hadde eg og den jenta som var heime tid til å gjere forskjellig kjekke aktivitetar før eg køyrte ho til skulen. Heime igjen rydda og vaska eg litt før. Og resten av dagen fram til 15.00 hadde eg fri. Då henta eg ei av jentene på skulen, og var åleine med ho fram til 17.00. Det var ikkje forventa av meg å lage middag, men dei satte stor pris på om eg gjor det. Etter middag rydda eg kjøkkenet før me hadde lesestund fram til leggetid kl19.00. Andre dagar var vertsmora mi heime heile dagen saman med alle tre jentene. Så då kunne me gå i parkar, på svømming, shopping osv.

Familien og bosted

Å ha tre små jenter som krev merksemda di 24/7 kan vere ganske slitsamt til tider. Og nokre kveldar var eg heilt utkøyrd. Men som regel fann me på ein del moro og koste oss ilag. Eg gjor ein del husarbeid i tillegg til masse barnepass åleine, men til gjengjeld fekk eg godt betalt for det. Og sidan eg ikkje hadde mykje anna å finne på i den vesle byen eg budde i, so hadde eg ikkje so mykje i mot all jobbinga.

Signe i AustraliaHuset me budde i var alt for lite for seks personar, ein kunne høyre alt som føregjekk og dei hadde nesten ingen vinduer. Det var lite privatliv, og mange gonger ville eg berre ut derifrå. Til tross for mange irritasjonsmoment var familien alltid kjempe hyggelig mot meg og me gjekk godt overeins. Dei tok meg med til Brisbane, på forskjellige show, til besteforeldra, og dei oppmoda meg alltid til å reise på egne helgeturar.

Forventningar og minner

Det er inga hending som utpeikar seg når eg tenker på tida mi i Australia. Men alle dei små augneblinkane har gjort stort inntrykk på meg. Som fyrste gongen dei sa ”I love you Signe”, når me i sat og teikna i stillhet, alle trilleturane, og sjølvsagt all latteren me delte. Det er definitiv dei herlige små jentene eg kjem til å sakne aller mest.

Eg prøvde å ikkje ha nokre forventingar før eg kom, men likevel lagde eg meg eit bilete av korleis eg trudde det kom til å bli. Derfor er eg på nokre måtar litt skuffa, men på andre måtar positivt overraska. Eg hadde for eksempel sett for meg at fritida mi skulle vere mykje meir interessant. Men det var den absolutt ikkje. Byen eg budde gjor at det rett og slett ikkje var mykje å finne på. I tillegg hadde eg for det meste berre tid til å vere saman med andre Au Pairar, sidan me var dei einaste som hadde dei arbeidstidene. Men so hadde eg aldri trudd eg kunne bli så glad i nokon framande på så kort tid. Dei tre jentene eg budde saman med i fire og ein halv månad har for alltid sett sine spor hos meg.