Følg Mari gjennom 3 måneder i Guatemala

Følg Mari gjennom 3 måneder i Guatemala

I dette reisebrevet fortel Mari og korleis ho har opplevd si reise frå byrjing til slutt. Ei utruleg flott historie. God lesning!

23. august la eg ut på ein 3,5 månadar lang tur. Det byrja med 4 dagar i Miami, før turen gjekk vidare til Guatemala. Gjennom organisasjonen Atlantis Utveksling, drog eg til byen Antigua der eg først hadde 4 veker spanskkurs, før eg byrja å jobba som frivillig på eit prosjekt i 2 månadar. No har eg kome halvveges i opphaldet. Eg har 6 veker igjen som frivillig, dermed vil eg farte litt rundt i Sentral-Amerika før turen går heim til Norge 10.desember. Her er litt om kva eg har opplevd og tenkt så langt denne høsten!

Endelig kunne eg legga ut på eventyret eg hadde drømt om så lenge. Timevis med dagdrøyming og surfing på internett var no blitt ein realitet. Eg måtte klypa meg i armen for å innsjå at det var verkeleg, det er her og no det skjer! Eg hadde planlagt alt på eigen hand, reisa var 100% min.

Miami
Klokka er 09:00, og eg sitter på Miami International Airport. Eg har knapt spist på to døgn, men fruktsalaten eg sitter å pirkar i fristar unormalt lite. ”Mamma, eg har lyst til å vera i Miami i nokon dagar før eg reiser vidare til Guatemala, det er ein sånn konsert der sant…..”. Eg hugsar den dagen eg la fram min delvis urealistiske plan for mamma. Eg skulle overtala ho om at det å la meg vera i Miami i 4 dagar heilt aleine fordi eg ville på konsert, var ein god idé. Ho hadde allereie nok med å godta at eg ville reise til Guatemala aleine i 3 månadar, og no dette?! Men kva skulle ho sei? Eg er ei 19 år gammal jente med sterke meiningar og enda sterkare vilje. Eg hadde bestemt meg allereie før eg spurte. No var dei fire dagane i Miami gått, og dei kunne ikkje blitt betre. Til tross for at den perfekte ferieplassen ikkje var så perfekt når du ikkje har nokon a dele den med, nådde den vetle ferien likevel klimaks etter ein uforgløymelig konsert, og eit tilfeldig og overraskande møte med min store musikalske kjærleik det siste året, Trevor Hall. No sitter eg altså på flyplassen og venta på flyet til Guatemala City, med hovudet så fullt av tankar og kjensler at det har gått utover appetitten min.

Framkomst
Fem dagar seinare ligger eg i senga mi i eit av dei mange små, tettbygde murhusa som karakteriserar La Antigua Guatemala. La Antigua var i si tid Spanias koloniale hovudstad i Sentral-Amerika. Den er derfor bygd i spansk barokkstil som er nettopp desse fargerika murhusa. I tillegg er det fleire kyrkje ruiner i byen frå 1700-talet. Byen er i tillegg omringa av 3 vulkanar. Det har knapt gått ei veke sidan eg forlot pappa på flyplassen i Norge, men det kjennes ut som eg har vore borte i over ein månad! Antigua er ikkje lenger bileta som kom opp på Google, eller reiseboka frå ”Lonely Planet”, Antigua har blitt ein ekte, levande by, som eg allereie har fått eit forhold til. Eg ligger og øver på spanske verb som eg har fått av læraren min. Alle skal kunnast til i morgon.  Det er utrulig kor fort ein kan gå frå å kunne ingenting til å forstå når andre pratar spansk, samt klare å lage enkle setningar på eigen hand. 4 intense timar med eigen spansklærar kvar dag, 30 nye ord å lære i lekse kvar dag, alle pratar spansk kvar dag! Eg er til og med begynt å tenke på spansk!  Kvifor har me 5 år med framandspråk på skulen når me kan lære like mykje i løpet av 6 månadar i ein setting som dette her?

Grottetur
Hjertet bankar hardt medan eg prøver å finne fotfeste i mørket. Alt eg kan høyre er brusinga frå vatnet som straumar nedover. Kor er det blitt av guiden?! Eg klarar ikkje å finne fram her aleine på ei klippe 5 meter over kulpen der det vetle fossefallet endar. Eg er desorientert og forvirra, og fomlar febrilsk rundt meg på leit etter noko å halde fast i. Plutselig tar nokon tak i handa mi og gir meg eit tau. Det er guiden som er kome tilbake for å hjelpe neste turist vidare innover i grotta. Det er 17. september og eg befinner meg i ei mørk, kald grotte saman med 15 andre turistar og 3 guidar. Plassen heiter Semuc Champey og ligger ca 9 timar med buss unna Antigua. Grottetur er berre ein av attraksjonane i Semuc Champey. I løpet av dagen har me bada i naturlige basseng midt uti jungelen, gått i trapper med 90 graders vinkel opp til ein utsiktspost på eit fjell, hoppa 10 meter ned frå ei bru og segla nedover elva på ein badering, og no er me altså på grottetur med ein sikkerheit som aldri ville vore bra nok i Noreg. I grotta må me gjere alt frå å symje med ei hand medan me held eit stearinlys i  den andre, klatre over klipper og ile oss mellom sprekkar i fjellet, gå imot straumen frå elva som fossar gjennom grotta og gå rett inn i eit fossefall utan å ha noko aning om kva som venta på andre sida. Det er rett og slett ei adrenalinfylt berg og dal bane! Betre enn å hoppa i fallskjerm, om det er mulig.

Helgeturar
Kvar helg er det muligheit for å dra på helgeturar rundt om i Guatemala. Eg har foreløpig berre vore i Atiklan (ein svær innsjø omringa av  vulkanar), Semuc Champey og Monterrico. Monterrico er ei strand på sørkysten til Guatemala, to timar med buss frå Antigua. Dette er ei populær strand, men den kan ikkje samanliknast med strendene vi er vand med i Sør-Europa. Sanda på stranda er svart, og det finnes ikkje ei einaste solseng eller parasoll. Det  er ingen store hotell ved strandkanten, berre små hytter der det går an å leiga seg rom og kjøpe seg litt mat. Rundt om på stranda går det laushundar, og me høyrer hønsene til lokalbefolkninga klukke ikkje så langt unna.

Maya-sivilisasjonen
Kanskje den mest populære plassen å besøka i Guatemala er Tikal. Tikal er det arkeologiske senteret frå maya-sivilisasjonen. Som det største utgravne området på det amerikanske kontinentet, har Tikal ruinar og pyramidar frå heilt tilbake til år 0.  Nokre av pyramidane er rydda fram slik at det går an å ta bilete av dei, men mesteparten står gøymt inni jungelen så ein berre kan sjå toppane på dei stikka opp frå  tretoppane. I same slengen kan du ta turen innom Belize og Livingstone. Her har ikkje eg vore ennå. I tillegg til desse helgeturane arrangerar spanskskulen aktivitetar kvar ettermiddag som du kan velje å delta på. Dei går blant anna ut på å besøka museum og ruiner rundt om i Antigua, og ein dag i månaden arrangerar dei  fjelltur opp til ein vulkan som ligg halvannan time unna byen. Det er alltids noko å finna på her! Byen er full av små, koselige kafear over alt, der dei har gratis trådlaust internett, og eit bredt utval av forskjellig drikke og mat. Det som er karakteristisk for butikkane og kafeane her i Antigua, er at dei alle har ein diskré utsjånad frå utsida, men viss du går inn, kan det vise seg at det er ein svær marknad eller hage dersom du går lenger inn i butikken. Du veit aldri kva som ventar deg idet du går inn, det er som ein oppdagingsferd!

Prosjektet
Eg har endelig fullført 4 veker med spansk skule, og har begynt å arbeide som frivillig. Prosjektet eg arbeidar på er ein barnehage for barn i alderen 3-6 år. Frå 8-12 kvar dag er eg på jobb i barnehagen. Det er ein stor barnehage med eige uteområdet og eige kjøkken. Det er mange barn, og dei er delt opp i grupper etter alder. Eg arbeidar med dei eldste barna. Alle gruppene har eit eige ”klasserom” der dei har mange forskjellige pedagogiske leiker som puslespill, bøker og enkle mattespel. Veggane er dekorert med utklipp av alfabetet, tall, vokalar og diverse figurar. På kjøkkenet står det 3 nonner og tilbreder eit mellommåltid og lunsj til barna. Å arbeide med barn er ein fin måte å praktisere spansken min på. Dei pratar kanskje litt fort til tider, men eg er i det minste ikkje redd for å dumme meg ut når eg pratar med dei. Som barn flest har dei masse energi og tykkjer det er morosamt å engasjere meg i leiken. Eg begynte først å arbeide på eit anna prosjekt. Det var ein barnehage for barn med alkoholiserte foreldre som låg rett utanfor byen. Det var eit mykje mindre prosjekt med mindre resursar. Dessverre blei eg berre sittande å sjå på at barna leika dagen lang, og følte ikkje at det var noko behov for meg der. Heldigvis er det ikkje noko vanskelig prosess å bytte prosjekt. Eg møtte opp på kontoret til spanskskulen fredag ettermiddag og fortalte at eg ønska å bytta prosjekt, måndag morgon var eg på plass på det nye prosjektet.

Tysk og spansk
Eg skal vere her i Antigua i 3 månadar, noko som kanskje er litt uvanlig. Det verkar som det fleste berre kjem til Antigua for å ha spanskkurs i nokre veker, for så å reise vidare til eit anna land eller ein anna by.  Me er allereie komme til oktober, og eg har fullført 1,5 månadar, (halve opphaldet mitt), her i Guatemala. Nye studentar kjem og går i vertsfamilien, men eg har blitt værande. For augeblikket er det 3 andre studentar som bur i vertsfamilien. Det er Sophie frå Austerrike, Severin frå Sveits og Christopher frå Los Angeles. Det er svært mange studentar frå tysk-talande land her. Til tider har eg sete på restaurant med 7 andre tysk-talande studentar og høyrt på tyske samtalar. Nokon ville kanskje sei at dette er ein gylden sjanse for meg å praktisere tysken min litt, men for meg er det berre forvirrande! Jo meir spansk eg lærer, jo mindre hugsar eg av tysken min.

Snart heim – men ikkje enda!
Eg hugsar den første veka mi i Antigua. Alt var nytt og ei veke føltes ut som ein månad. Eg kom fort inn i rutinane, og deretter gjekk berre tida fortare og fortare! No klarar eg ikkje lenger å skilje vekene frå kvarandre. Tida går så utrulig fort, og det er som eg lever i mi eiga vetle boble. Det er rart å tenkje på at heime har årstida gått frå sommar til haust, og når eg kjem heim er det vinter og julestemning! Sjølv om eg storkosar meg her i Guatemala, tykkjer eg det er godt å drøyma om dagen da eg kjem heim, og planlegger kva eg skal gjere i desse vekene før jul. Eg har jo tross alt fri i adventstida for første gang på ein del år! Men før den tid har eg masse meir å oppleve! I planane ligger blant anna helgeturar til Tikal, Honduras, Cancun og Tulum i Mexico og dykkarkurs ved kysten i Honduras for så å reise på dykkeferie i Belize. Det er utrulig masse å glede seg til, og eg ”diggar” livet mitt for tida!

Aldri forseint å oppleve nye ting
Alle burde ta seg eit år fri og berre reisa ut i verden og gjere masse morosame ting! Alder har ingen ting å seie! Eg møter folk i alle aldrar her, anten du er 20, 30 eller 50 år, så er det aldri for seint å oppleve meir og lære meir. Mange tykkjer det er eit stort steg og lar seg skremme av ting som økonomi og masse planlegging, men det handlar berre om å ta initiativ! Etter den første reisa, da du innser at verda ikkje er så stor likevel, blir det å reise på turar lengre enn charterturen til Mallorca ikkje så farlig lengre. Tru meg, det ligger ein slags avhengigheit i det! Før du er ferdig med reisa, har du allereie begynt å drøyma om og planlegge neste reise!

Hilsen, Mari!