Evy arbeidet på Escuela Esperanza

Evy arbeidet på Escuela Esperanza

Les om Evys erfaringer som lærer i Antigua, julefeiring og mye annet.

Lørdag kveld var eg på julekonsert i Iglesia de la Merced. Det er ei veldig fin katolsk kirke som vart bygd på midten av 1700-talet. Koret som sang bestod av ca. 25 damer og 10 menn. Konserten var fantastisk! Det var heilt spesielt å sitte i den store, flotte kirka og høyre på kjente og ukjente julesangar som vart framført på førsteklasses vis. Stemningsfullt, vakkert og mektig!

Denne helga har Silvia (vertsmora) funne fram julepynten. No er huset pynta med juledukar, nisse-glas, nisse-koppar, juletre med blinkande røde lys og masse, masse anna julepynt 🙂 Koselig, men eg klarer ikkje heilt å komme i julestemning likevel. I byen er butikkane «julepynta», og det blir spelt julemusikk over alt. Søndag kom sjølvaste nissen køyrande i gata! Dei siste dagane har det vore varmt og fint her nede, reine sommartemperatur, så det er ikkje så masse som minner meg om jul.

Denne veka er eg med førskuleelevane på skulen. Dei øver på lesing og skriving på spansk. Det er ikkje så lett for meg å henge med på spansk,- men det går no på eit vis 🙂

Bloggen til Evy finner du her!