En dag på San-Helse

Les litt om Annes hverdag på San-Helse prosjektet i Namibia. Hun har vært på prosjektet i tre uker og har opplevd og utrettet så mye allerede.

Onsdag er den dagen i veka vi reiser på det vi kallar outreach. Då pakkar vi med oss medisinsk utstyr og reiser for å tilby helsehjelp til ein stad eit stykke unna. San-folket må som regel gå eller haike for å kome til oss, og hereroane, som ofte har bil, vil ikkje plukke dei opp. Då er det betre at vi kjem til der det bur san-folk. Denne onsdagen stod skulen i Helena for tur. Dette er mi tredje veke på klinikken, så eg fekk ansvaret for å vaske og stelle sår og føter med ormar i og setje på bandasje eller plaster. Det er moro å bli vist tillit slik. Dei andre frivillige tok pasientobservasjonar, altså målte mellom anna blodtrykk, vekt, temperatur og liknande.

Frivillig arbeid i Namibia - San HalseEtter vi hadde sett skuleungane som trengte det, stod san-landbyen for tur. Her fekk vi fort eit akuttilfelle, med ein dehydrert baby, og måtte forte oss til næraste sjukehus. WHO definerar landsbyar som er meir enn 10 km ifrå ein klinikk som sårbare. Helena er 70 km frå næraste klinikk, og 140 km fra næraste sjukehus. Vi er fire frivillige, to oversetjarar og to doktorar på outreach. Med bil som i tillegg var full av medisinsk utstyr, vart det ganske trangt med fem i bagasjerommet. Babyen og mora vart att på sjukehuset, og alt ordna seg heldigvis etter ein litt dramatisk dag. 

 

-Anne (@sjokolademynt)