Anita bestiger vulkaner og arbeider som engelsklærer

Les om Anitas mange opplevelser og sterke refleksjoner rundt det å arbeide med vanskeligstilte barn.

Dette innlegget skriv eg no, ei veke etter eg byrja å jobbe på Niño Obrero – ein skule for arbeidar- og markedsbarn. Ungane her er ikkje like heldige som meg. Dei er født i Guatemala, dei er barn av dei fattigaste og minst utdanna i samfunnet, dei har ikkje rett på skulegang, 5 om dagen, vaksinar, tilrettelegging og spesialpedagogar. Dei kjem ikkje til å studere på eit universitet, få støtte av Lånekassen eller oppleve verden. Dette veit dei, og det veit eg. Dei blir minna på dette kvar dag, det sørgar globaliseringa for, men det sørgar også eg for.

Eg kjem dit i mine reine, nye, passelege klede. Eg har kjøpt dei sjølv, har ikkje arva dei, sydd dei eller fått dei gjennom ein organisasjon. Eg har gamle, slitte Converse-sko. Ikkje fordi mine 7 sysken har brukt dei før meg, men fordi dei er kulare slik, ser bedre ut. Eg dreg fram Samsung Galaxy S2 mobilen min og spør om få ta eit bilde av dei. Klagar litt over batteriet, den er jo begynt å bli gammal – over eit år og greier. Eg snakkar spansk med borna, seier at me skal lære engelsk. Lite entusiasme. Dei veit dei ikkje vil få bruk for engelsken sin. Den eldste jenta i 1. klasse er 12 år. Den eldste guten i 2. klasse, 14. Dei veit løpet er køyrd. Dei kjem ikkje til å fullføre skulen. Dei er i arbeidsfør alder. Sterke, unge.

Til tross for dette, og for at eg til stadigheit minner dei på skilnadane mellom mitt liv og deiras, er dei så glade for å sjå meg kvar dag. Når me jobba med vekedagane på engelsk spurte eg «Kva er den kjekkaste delen av veka?»Eg fekk ikkje noko svar, dei såg ut som nokre spørsmålteikn heile gjengen. Når eg svara for dei og sa «Er ikkje helga – laurdag og søndag, dei kjekkaste dagane i veka? Då har de jo fri frå skulen!» Etter ein lang pause våge ein gut på 12-13 år seg til å svare: «I helga må me jobbe med foreldrene våre, og har ikkje fri. Den kjekkaste delen av veka er når eg har engelsk med deg.»

Responsen eg fekk var veldig uventa og knuste meg fullstendig, samtidig var det ein veldig motivasjon for å fortsette å arbeide. Eg blei fullstendig tatt på senga og måtte kjempe for å halde tårene tilbake. Eg fekk uvitenheiten og dumskapen min rett i fleisen, servert av ein 13 åring.

Trykk her for å lese bloggen til Anita i Guatemala.